Gå til sidens hovedinnhold

Her har ein jakta i 7000 år

Artikkelen er over 1 år gammel

Arkeologar har dokumentert fleire førhistoriske fangstminne kring Blåskavlen i Aurland i haust.

Med mildare klima har snøfonnene vorte betydeleg mindre og fonnefunn har dukka opp, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Skremmepinnar

Fonnefunn er gjenstandar frå førhistorisk jakt på snøfonner. Blant anna skremmepinnar, pilar, ski og truger ligg gøymt inne i snøfonnene. Når snøfonnene no smeltar kjem gjenstandane fram.Fleire fangstanlegg i området var kjende frå før, men arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen og Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskte ei betre oversikt over tettleiken og omfanget til fangstminna.

Største i fylket

Helleberget er det største fangstanlegget arkeologane fann på turen. 1500 meter over havet strekkjer det seg eit 400 meter langt samanhengande leiegjerdet. Dette er det lengste samanhengande leiegjerdet ein kjenner til i fylket.I leiegjerdet ligg det i alt 20 dyregraver. Dei er 1,5 meter djupe og veldig fint oppmura.På grunn av plasseringa høgt oppe på fjellet har dette fangstanlegget kravd enorme ressursar. Sannsynlegvis har anlegget vorte til gjennom fleire hundre år, kanskje tusen år.

Oppdaga fleire

I tillegg til fangstanlegget ved Helleberget vart det registrert fleire nye fangstanlegg av ulik storleik og type som ein ikkje kjende til frå før.På Helleberget vart det funne eit stykke Lærdalskvartsitt ved varden. Dette gjev den eldste dateringa på fangst i området. Stykket er ei «kjerne» frå steinalderen som vart nytta som emne for å laga knivar, pil og spydspissar. Funnet syner at reinsfangst var attraktivt på Helleberget allereie for 7000 år sidan.

Frå mellomalderen

Det vart og funne ein tilhogd pinne ved ei av snøfonnene i nærleiken. Dette kan vera ein skremmepinne som vart sett ut på fonna for å driva reinsdyra i retning av bogestillingane på toppen. Pinnen er C14 datert til 1160 til 1264 etter Kristus, som svarar til mellomalderen.

Skytevåpen

På toppen av same fonn fann dei ei blykule frå eit munnladingsgæver. Dette er eit moderne innslag som markerer ei endring i bruken av fangstanlegga. Etter kvart som skytevåpen vart tilgjengelege gjekk fangstanlegga ut av bruk.

Kommentarer til denne saken