Gå til sidens hovedinnhold

Her har dei tapt ein halv milliard: – Det har vore tøft

I 2021 har Flåmsbana hatt 157.000 reiser. For to år sidan var talet 940.000.

For abonnentar

Eit lite lyspunkt i 2021 er at talet på passasjerar har auka med sju prosent frå 2020, og at veksten har kome dei fire-fem siste månadene av året.

– Tala for juni og juli i 2021 er svakare enn i same månadene 2020. Den vesle veksten me har hatt har kome frå august og utover, seier Sivert Bakk, dagleg leiar i Flåm Utvikling.

Stor omsetnadssvikt

Dei snart to åra med pandemi har råka turistattraksjonen på to skinner hardt, på fleire måtar.

– Økonomisk har me hatt eit omsetnadstap på rundt ein halv milliard kroner, seier Bakk.

Selskapet har fått rundt 45 millionar i koronakompensasjon frå den statlege ordninga som lettar litt på den situasjonen, men den økonomiske utfordringa er stor. Svært stor.

– Førsteprioriteten no er å koma opp i null, og byggja seg vidare opp att derifrå. Det kan ta nokre år, seier Bakk, og legg ikkje skjul på at investeringsevna har fått seg ein lei knekk.

– Me må vera trygge på at innteninga kjem tilbake før me kan gå vidare med dei investeringsplanane me har, seier Bakk.

Nytt materiell

Dei gjeld i første rekkje investeringar i nytt materiell på bana. Dette treng reiselivsmotoren, og det har det vore jobba med i mange år for å få på plass. Prislappen er høg.

– Me må bruka 2022 for å sjå korleis ting utviklar seg. Når ting byrjar å gå rette vegen att, må me vurdera når det er forsvarleg å ta ei så stor investering. Når me føler me er der vil me starta arbeidet mot leverandørmarknaden og bankane. Me må vera trygge på at talet på reisande vil stiga, og leverandørar og bankar må vera trygge på at me kan innfri våre forpliktingar. Om me klarer dette i 2022 er usikkert, seier Bakk.

Ser små lyspunkt

Han håpar veksten i tal reisande bana har hatt dei siste månadene vil halda fram i det nye året.

– Me tykkjer me ser positive teikn på at det kan skje, men me må bruka nokre månader for å sjå utviklinga. Utviklinga av pandemien vil spela inn på folk si reiselyst. Risikoen med førehandsbestillingar er stor slik situasjonen er no. Difor er det viktig at styremaktene kjem med tydelege signal på førehand, og ikkje gjera slik som tidlegare med ikkje å avklara noko som helst før det opnar, seier Bakk.

Justert ned

– Korleis har det vore å vera dagleg leiar i ei så vanskeleg tid?

– Det har vore tøft. Det er mykje jobb med mange gjester, men det er ein minst like stor jobb når me knapt har gjester, seier Bakk.

Då tenkjer han ikkje minst på dei tilsette.

– Me har måtta justera talet på tilsette litt ned. I dag er me tre færre fast tilsette enn i 2019. Dette har skjedd ved at me ikkje har erastatta naturlege avgangar og med omfordeling av oppgåver. Tek me med sommarvikrane har me redusert med 11-12 årsverk, seier Bakk.

- Viktig med cruise

I arbeidet med å byggja seg opp att meiner han cruiseanløp vil vera ein joker.

– Cruise vil i 2022 vera det alle viktigaste for oss. Cruise dominerer bookingane. Det står for 35-40 prosent av bestillingane, så det er viktig at dei kjem, seier Bakk.

Om det ikkje skjer må Flåmsbana setja si lit til at bussgrupper og einskildreisande kan fylla opp det tapte.

– Bussgruppene er viktige, dei stod i 2019 for 40 prosent av togreisene. Dei alle fleste var turistar frå Asia. Dei har me knapt sett dei siste to åra, og det vil nok ta ei tid før dei er tilbake. Eg trur ikkje det skjer i 2022, men ting kan snu, seier Bakk.

Kommentarer til denne saken