Her er nye sognavis.no – slik loggar du deg på

PÅLOGGING: Journalist og frontsjef Wenche Schanke Eikum loggar seg på den nye nettsida til Sogn Avis.

PÅLOGGING: Journalist og frontsjef Wenche Schanke Eikum loggar seg på den nye nettsida til Sogn Avis. Foto:

Du er berre få tastetrykk unna alt innhald på sognavis.no.

DEL

Alt du treng å gjera, er å logga deg inn som aID-brukar. Det må du gjera anten du er abonnent frå før eller er ny brukar.

aID er namnet på innloggingsportalen du må logga deg inn på for å lesa dei viktigaste lokale sakene på sognavis.no.

I tillegg kan du lesa eAvisa, som er papiravisa i elektronisk format.

Slik kjem du i gang

Å logga seg inn på aID er svært enkelt, og etter at du har gjort det fyrste gong, er du permanent innlogga.

1. Gå inn på denne lenka på sognavis.no

2. Registrer namn, mobilnummer, e-postadresse og fødselsdato

3. Kryss av for å godta vilkår og trykk «Fortsett»

4. Du får ein eingongskode på mobilen din

5. Skriv inn eingongskoden og trykk «Fortsett"

6. Lag ditt eige passord og trykk «Fortsett"

7. Du er no innlogga og har tilgang til alle sakene på sognavis.no. og eAvisa.




Artikkeltags