Her er landets mest stengde riksveg

FULL STOGG: Vikafjellet var i vinter landets mest stengde riksveg.

FULL STOGG: Vikafjellet var i vinter landets mest stengde riksveg. Foto:

1.492 timar stengd veg i tillegg til 18 netter nattestenging.

DEL

Det viser journalen til riksveg 13 Vikafjellet etter årets vintersesong.

Fjellovergangen har også hatt 178 timar kolonnekøyring, opplyser Statens vegvesen.

Mykje vinter over Hemsedal

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet har også hatt meir vinter enn normalt denne sesongen. Her har vegen vore stengd 92 timar. Talet for vinteren 2018/2019 var 34, elles må ein tilbake til 2010/2011 for å finna fleire stengingstimar. Då var Hemsedalsfjellet stengt 115 timar i løpet av sesongen.

I vinter var E16 Filefjell stengt 34 timar mot 15 timar i 2018/2019.

Krevjande på Hardangervidda

Av vegane i Sør-Noreg fekk riksveg 15 Strynefjellet det også tøft i vinter. Her var det stengt 544 timar, noko som er tre til fire gonger høgare enn dei siste åra, opplyser vegvesenet i pressemeldinga.

Av hovudforbindelsane mellom Austlandet og Vestlandet var det berre riksveg 7 Hardangervidda som sette ny rekord i tal stengde timar. Hardangervidda var stengd 1.037 timar i vinter.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken