42,2 prosent av bussjåførane seier dei ofte er forseinka på ruta si, viser tal frå Yrkestrafikkforbundet.

Meir enn 1500 bussjåførar svarte på undersøkinga.

Forbundsleiar Jim Klungnes, som sjølv er bussjåfør, kallar resultatet uforsvarleg høge.

– Kast ut elbilar

– Bussar som er forseinka skapar irritasjon for passasjerar, stress for sjåførane og er samfunnsøkonomisk skadeleg. Om ein buss med 50 passasjerar er ti minutt forseinka, svarar til det meir enn ein heil arbeidsdag med venting, seier Klungnes i ei pressemelding.

Forbundet etterlyser større satsing på framkome og meiner fleire kollektivfelt og signalprioritering av kollektivtrafikken i lyskryss.
– I tillegg må elbilane kastast ut av kollektivfeltet slik at bussane ikkje blir ståande og stampa, meiner forbundsleiaren.

Han meiner eit stort og vedvarande problem er at fylkeskommunane legg inn urealistiske rutetider på fleire bussar for å spara pengar på anbodsrundane til selskapa.

Unødvendig stress

– Mange av rutene vert rekna ut basert på at det er berre, turre vegar og ingen andre bilar på vegen. Dersom det er vegarbeid, omkøyring og permanente køar, vert ikkje dette lagt inn i rutetidene. Difor er mange av bussane dømde til å bli forsinka før dei har byrja å køyra.
Då lurer ein passasjerane og skapar unødvendig stress for sjåførane, seier Klungnes.

Her svarar sjåførar at dei er mest forseinka:

1. Telemark 60,00 %

2. Vest-Agder 55,81 %

3. Hordaland 49,19 %

4. Trøndelag 48,75 %

5. Oslo 48,44 %

6. Akershus 46,56 %

7. Finnmark 44,44 %

8. Aust-Agder 41,67 %

9. Rogaland 40,96 %

10. Østfold 38,46 %

11. Møre og Romsdal 36,84 %

12. Buskerud 35,94 %

13. Troms 32,31 %

14. Nordland 31,71 %

15. Oppland 27,66 %

16. Vestfold 27,27 %

17. Sogn og Fjordane 27,12 %

18. Hedmark 25,00 %

(Kjelde: ytf.no )