Her er brua stengd

HØG VASSFØRING: Svalheim bru er stengd søndag.

HØG VASSFØRING: Svalheim bru er stengd søndag. Foto:

DEL

Det er stor vassføring i Utla og Svalheim bru er stengt. Det opplyser Årdal kommune på sine nettsider søndag.

Svalheim bru i Utladalen er eit kritisk punkt i flaumsikringa. Kommunen har konkludert med at den må skiftast ut.

– I denne brua ligg det vatn, kloakk, straum og breiband. Viss den reiser, ryk alt. Det vil få store konsekvensar, var meldinga dei folkevalde i Årdal fekk under ei orientering om flaumsikringsarbeidet for få dagar sidan.

Årdal kommune opplyser at brua vert opna igjen når det minkar med vatn.

VIKTIG BRU: Vatn, kloakk, straum og breiband er innebakt i brua kommunen har bestemt skal rustast opp.

VIKTIG BRU: Vatn, kloakk, straum og breiband er innebakt i brua kommunen har bestemt skal rustast opp. Foto:

Artikkeltags