Gå til sidens hovedinnhold

Her er beviset: nynorsk fungerer- også i finans

Vinnaren er stolt over å syna levande og blomstrande nynorsk.

Korona gjorde sitt til at utdelinga av målprisen for 2019 vart utsett. Men laurdag blei det endeleg gjort og vinnaren blei Sparebanken Sogn og Fjordane, opplyser Sogn og Fjordane Mållag i ei pressemelding.

Banken får prisen for sin tydlege språkprofil og for at den ikkje går på akkord med den språklege kulturarven og for at den har synt at nynorsk som forretningsspråk fungerer godt, også i finansmarknaden.

– Nynorsk har alltid følgt oss som bank og det har vore forretningsspråket vårt heile vegen, sa leiar for Marknad og kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes som saman med marknadssjef Gunn Aase Moldestad tok i mot prisen. Viken Sandnes var også klar på at banken er stolt av å vera med på å syna at nynorsken lever og blomstrar.

– Nynorsken er ein naturleg og viktig del av identiteten vår, og språket bygger opp om kven me er. Me set stor pris på målprisen og tek den inn som motivasjon vidare for å bruka og vidareutvikla nynorsken, sa Sandnes.

Kommentarer til denne saken