På Fv. 5625 Voldadalane: Skjerdalsvegen i Aurland er det vegarbeid denne veka.
Det blir arbeid heile døgnet og vegen vil bli heilt stengd i to dagar. Frå måndag 27. mars klokka 11.00 til onsdag 29. mars klokka 07:00 er det berre mjuke trafikantar som kan passera staden på gjevne tidspunkt.
Det skjer klokka 15:00, 17:00 og 21:00 måndag og tysdag, og klokka 07:00 og 08:00 tysdag morgon.
Vegen blir stengd ved Voldaskreda. Ei stikkrenne skal gjennom vegen. Utfordringa er at det ligg høgspentkabel i vegen, og difor vil arbeidet til å ta tid. Det blir teke omsyn til naudetatar.
Me held oss i Aurland. På fv. 5627 Sjukestova – Kvam er det vegarbeid mellom08:00 og 18:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Vegen er open klokka 10:00, 12:00, 14:00 og 16:00. Arbeidet skal vara til 31. mars.
Vidare til E16 Gudvangatunnelen – E16 Flenjatunnelen. Her er det vegarbeid mellom 20:00 og 06:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå 27. mars til 31. mars. Manuell dirigering med leiarbil.
Lærdal
Det er meir vegarbeid på E16. I Tuftåstunnelen i Lærdal er det vegarbeid mellom 20:00 og 07:00 tysdag, onsdag og torsdag frå 28. mars til 30. mars. Manuell dirigering og inntil 15 minuttar ventetid. Utrykkingskøyretøy kan passera utan bruk av sirene og ved avtale med dirigentar.
På rv. 5 mellom Håbakken og Nedre Eri er det vegarbeid med lysregulering heile døgnet.
Sogndal
På rv. 5 i Sogndal, nærare bestemt Kongsteiggrovi er det Vegarbeid mellom 07:00 og 22:00 alle dagar utanom søndag. Ventetid inntil 15 minuttar. Arbeidet skal vara til 1. april.
Vidare til rv. 13 mellom Bondeviki og Fardal der vegarbeidet held fram ei stund til. Vegen kan bli stengd i inntil 15 minuttar måndag til onsdag klokka 07:00 til 19:00 og torsdag frå 07:00 til 16:00. Lysregulering heile døgnet.
Det finst meir vegarbeid på enkelte fylkesvegar i Sogndal.
Fv. 5613 Hausagjelet i Sogndal
Vegarbeid. Fartsgrense 50 km/t.
Fv. 5616 Haugen – Valeberg i Sogndal
Vegarbeid mellom 08:00 og 17:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Stengt i periodar på ein halv time. Arbeidet skal vara til 30. mars.
Årdal og Luster
Så køyrer me til Årdal og støyter på følgjande:
Fv. 53 Kolnostunnelen – Årøyhaugen i retning Fodnes
Vegarbeid mellom 08:00 og 15:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Endra køyremønster og fartsgrense 50 km/t. Arbeidet skal vara til 7. april.
Fv. 5633 Seimsdalstunnelen
Vegarbeid. Eitt stengd køyrefelt. Gjeld mellom 06:00 og 00:00 kvar dag fram til 31. mars. Vegen er stengd i korte periodar.
Til slutt er det også noko å melda frå Luster, på Fv. 5640 Indre Hafslo – Josvanger.
Vegarbeid mellom 08:00 og 19:00 kvar dag fram til 1. mai. Det vil vera manuell dirigering og vegen vil vera stengd i periodar på ein halv time