Her blir det ikkje fulle kinosalar framover - kulturhuset gjer grep for å hindra smitte

RESTRIKSJONAR: No innfører kinosjef Tor Uglum tiltak for å hindra smittespreiing.

RESTRIKSJONAR: No innfører kinosjef Tor Uglum tiltak for å hindra smittespreiing. Foto:

Sogndal kulturhus innfører tiltak for å hindra store samlingar av folk.

DEL

– Me reduserer til halve salar og tek vekk plassbillettar, seier kinosjef Tor Uglum.

Kulturhuset følgjer retningslinjer frå styresmaktene om å hindra koronasmitte. Folkehelseinstituttet meiner at arrangement med over 500 personar bør avlysast. Kulturhuset har ikkje salar som tek meir enn 500 personar. Storsalen har plass til cirka 350, men kulturhuset tek uansett grep no.

Følgjer med

– Me innfører restriksjonane no, og ser om me får nye retningslinjer, seier Uglum.

Kinobesøket er uansett ikkje det heilt store for tida.

– Folk er vel litt skeptiske, men me har heller ikkje nokre kjempefilmar no, seier Uglum.

Det er også andre arrangement på kulturprogrammet, men ikkje alle har billettsal, og det er difor ikkje lett å seia kor mange som kjem. Onsdag vart det klart at skulemusikken avlyser konserten Vårblås som skulle vore søndag.

Danseframsyninga som er sett opp laurdag er også avlyst, får Sogn Avis opplyst seint onsdag kveld.

Riksteateret vurderer

Kinoen har ein sårbar økonomi, så det er sjølvsagt ikkje gunstig om at det blir total stogg. Men omsynet til folkehelsa kjem først.

– Me følgjer dei råda me får, seier Uglum.

I nær framtid er det ei framsyning av Riksteateret som dei veit kan trekkja ein del folk.

– Dei har eigne retningslinjer på det, så me får sjå, seier Uglum.

Artikkeltags