– Samstundes som talet heilt ledige i Sogn er stabilt ser me ein ny sterk auke i Aurland, fortel Sara Christine Johnsborg, leiar Nav region Sogn.
I Aurland er 45 personar heilt utan arbeid ved utgangen av september samanlikna med 25 i førre månad.
Påverka av sjukdomsutviklinga
Auken i Aurland kjem innan ulike yrkesgrupper knytt til reiseliv som kontorarbeid, resepsjonist/ sentralbord, reinhald og annan servicearbeid.
– Det er stor fare for at arbeidsmarknaden i Aurland vil bli prega av koronasituasjonen også framover med den sjukdomsutviklinga me no ser i store delar av verda, fryktar Johnsborg.
Færre permitterte
Også Sogndal ein liten auke, medan dei andrekommunane i regionen har nedgang. Sogn under eitt har ein liten auke frå 300 i august til
303 i dag.
– På den positive sida noterer me ein kraftig reduksjon i tal permitterte denne månaden frå 289 i august til 180 no ved utgangen av september, seier Johnsborg.
Som figuren under syner, får alle kommunane våre del i denne utviklinga.