Klokka 17.18 melder Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS) at redningshelikopteret frå Florø like etter klokka 16 laurdag vart sendt til Hurrungane.
Det dreier seg om to ulike hendingar.
Helikopteret jobbar med å henta ut to skikøyrarar som har moglege brotskader, i om lag same området.
– Dei blir henta ut og frakta vidare til sjukehus med anten helikopter eller ambulanse, seier Steinar Vatne hjå HRS.
Skadeomfanget vil han førebels ikkje seia så mykje om.
– Men det framstår ikkje som kritisk, seier Vatne.
Skikøyrarar tilhøyrer to ulike turfølgje, og hendingane har skjedd ved Dyrhaugstindane. Røde Kors bistår også i aksjonen.