SLUTTAR: Henrik Furebotn (32) har gjeve klubben beskjed om at han er ferdig som fotballspelar.

Henrik Furebotn har spelt sin siste kamp for Sogndal

32-åringen legg skoa på hylla - skal jobba i utviklingsavdelinga ut kontraktstida.

Publisert 18.07.2018 kl. 14.45. Oppdatert kl. 15.18.

Onsdag hadde 32-åringen si siste treningsøkt med Sogndal.


Etter treninga informerte han lagkameratane sine om at han legg opp.


- Etter 17 år med mange fine år er det slutt på fotballen på «topp»-nivå. Tusen takk til alle som har støtta meg og alle lagkameratane eg har hatt. Eg har mange flotte opplevingar og nokre nedturar, men det høyrer vel med, seier Furebotn, som har hatt ei innhaldsrik karriere på fotballbana.


Mellom anna har årdølen representert landslaget på aldersbestemte nivå. Han kom til Sogndal frå Jotun/Årdalstangen i 2006. Etter 173 kampar og 16 scoringar gjekk vegen vidare til Sandnes Ulf i 2013.


Før 2015-sesongen vart han henta til Bodø/Glimt, der han blei verande i eitt og halvt år før Sogndal kom på bana att. I sin siste periode i kvitt og svart noterte Furebotn seg for 19 kampar og eitt mål. 


Før 2017-sesongen vart han gjort til kaptein av trenar Eirik Bakke. Men ein tung start på sesongen gjorde at midtbaneterriaren frå Årdal hamna ute i kulda, og blei sendt på lån til Fredrikstad.


I år ville Furebotn bruka vinteren til å overtyda Eirik Bakke om at han har ei framtid i Sogndal, men ein strekk på baksida av låret gjorde at han ikkje fekk trent saman med resten av laget.


I mai var han tilbake på treningsfeltet, og det vart eit par kampar for 2. laget i 3. divisjon. Så slo han opp att strekkskaden.


No har han fått nok. 


32-åringen, som har eitt og halvt år att av kontrakten sin med Sogndal, har etter ein dialog med leiinga i klubben bestemt at han skal jobba ut kontraktstida i utviklingsavdelinga til klubben.


- Eg ser fram til ein litt annleis kvardag med kjekke kollegaer i Tommy Øren, Anders Stadheim og Nils Tore Krosshaug for å nemna nokon.


- Det går mest på motivasjonen etter å ha slått opp att skaden gong på gong. Samstundes var speletida på A-laget eit stykkje unna, så då var det greitt å tenkja litt på framtida med å gå inn i ein jobb som har med fotball å gjera, seier Furebotn.


Siste saker Gå til framsida