BERGENSAVISEN: Det har vore stor ståhei austpå medan det største hangarskipet i verda har lege ved Oslo.

Store folkemengder var samla då gigantskipet sette kurs ut av Oslofjorden måndag.

Ifølge NRK skal dei største og nyaste hangarskipa til den amerikanske marinen delta i øvinga Arctic Challenge Exercise i Vesterålen-området.

Sporinga på skipet og fleire av følgebåtane vart skrudde av på Austlandet. Det er likevel gjort observasjonar av USS «Gerald R. Ford».

Her er hangarskipet sin siste kjende posisjon:

Seglar nordover

Haugesunds Avis melder at eit anna amerikansk krigsskip truleg er i nærleiken. Ifølge sporingsdata frå Kystverket var dette fartøyet vest for Egersund i morgontimane tysdag. Det er forventa at Vestlandet blir passert i løpet av ettermiddagen.

Etter kva BA får opplyst skal USS «Gerald R. Ford» ikkje innom bergensk farvatn. Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) ønskjer ikkje seie noko om den vidare ferda til amerikanarane.

– Eg har ikkje høve til å seie noko om det av fleire grunnar. Det eine er operasjonstryggleiken og det andre er at vi ikkje ønskjer å gi detaljar om kvar og når ting skal skje, seier talsperson Jonny Karlsen ved FOH til BA.

Øvingar undervegs

I tillegg er det amerikanarane sjølv som skal uttale seg om kva marinen deira held på med. Karlsen kan likevel seie noko om kva det norske Forsvaret skal gjere.

– Det er planlagt fleire øvingar framover med amerikanarane, opplyser han.

Fleire forsvarsavdelingar, blant dei spesialstyrkane, skal nytte høvet til å trene saman med ressursane på hangarskipet under opphaldet i Norge.

– Øving med ei slik hangargruppe gir Forsvaret unikt høve til å utvikle samarbeidet og jobbe tettare saman med våre viktigaste allierte, fortel Karlsen.

Mellom anna blir amerikanarane trekte til nordområda for å lære seg å meistre vêrforholda og naturen her oppe.

– Det er vêr, vind og fjordar som ikkje dei er vant til. Dersom dei allierte skal ha høve til å operere med suksess her, så er det viktig at dei får trena regelmessig, seier han.

Les også

50 år sidan den store ubåtjakta i Sogn – framleis uklart om det verkeleg var ein framand ubåt i fjorden