For tida blir det sendt ut falske e-postar som gir seg ut for å vere frå Helsenoreg. Folk blir oppmoda til å ikkje trykkje på lenkjene i e-postane.

– Helsenoreg vil aldri be deg om kredittinformasjon, tryggingskodar eller kontonummer via e-post eller SMS, skriv Norsk helsenett i ei pressemelding.

Den falske e-posten som enkelte har fått, inneheld ei lenkje til ei falsk nettside som etterliknar ID-porten, som blir brukt som pålogging i Helsenoreg. Helsenett forklarer at dei falske e-postane er forsøk på å svindle til seg informasjon som kan bli brukt til økonomisk vinning.

– Viss du har gitt kort- og kodeopplysningar som vart etterspurde i ein slik falsk e-post, sperr kort og kontoar så raskt som mogleg. Viss du har gitt personopplysningar, kan desse blir brukte til fleire svindelforsøk, så ver merksam i tida framover, skriv Norsk helsenett vidare.

(©NPK)