Helseministeren håper alle med koronasymptom kan testast neste månad

Av

Styresmaktene har som mål at alle med symptom på koronavirus, skal ha moglegheit til å testa seg i mai månad, seier helseminister Bent Høie (H)

DEL

Høie kom med opplysninga på den daglege pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen i Noreg.

I mars vart det innført inngripande tiltak for å slå ned smittespreiinga i Noreg, men måndag sa helseministeren at spreiinga i samfunnet no er så låg at me forsiktig kan opna opp igjen.

– Men for at me skal behalda kontrollen medan det skjer, må me spora smitte endå betre og testa endå fleire, sa Høie.

– Me er i ferd med å trappa opp testinga, og i mai er målet vårt at alle med symptom skal ha moglegheita til å testa seg. Dei gruppene som no blir prioriterte for testing, er lærarar og elevar, og dessutan tilsette i skulefritidsordninga, sa Høie.

Talet på smitta i Noreg er 7.533 per måndag.

Ny ordning for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande

I haust får du influensavaksine på apotek utan resept

Kafeane har opna igjen: – Dette har vore etterlengta

Artikkeltags