– Eg forstår at mange er uroa for koronaviruset, og det er urovekkjande med utbrot av eit nytt og tidlegare ukjent virus i Kina, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ei pressemelding frå regjeringa.
Viruset kan gje luftvegsinfeksjonar hjå menneske. I mange tilfelle har det berre gjeve mild sjukdom, men det er og tilfelle av alvorleg sjukdom og dødsfall. Det rapporterast stadig fleire tilfelle frå andre land, inkludert i Europa. 20 personar har vorte testa for viruset i Noreg, men ingen av dei testa positivt, melde Norsk Folkehelse Institutt på tysdag.
Høie fortel at helsemyndigheitene i Noreg følgjer situasjonen nøye.

Slik råkar Coronaviruset turistmagneten Flåm
Assistert utreise
Utanriksdepartementet følgjer også opp.
– Me har vore i kontakt med eit lite tal norske innbyggjarar i Hubei-provinsen i Kina. Me har tilbode dei konsulær bistand og lagt til rette for assistert utreise frå Wuhan for dei som ynskjer dette, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) i pressemeldinga.
Ho oppfordrar norske borgarar i Kina til å ta kontakt med den norske ambassaden i Beijing eller UD sitt operative senter dersom ein har behov for konsulær bistand.
Norske borgarar som får assistert retur frå Wuhan vert følgt opp i samråd med helsemyndigheitene.
Kommunelegen følgjer opp
Myndigheitene førebur seg på ulike scenario som kan oppstå i Noreg. Som ein del av dette er det sendt ut råd til helsetenestene, politi, flyplassar og andre relevante instansar. folkehelseinstituttet gjev råd til befolkninga om reise, førebygging av smitte, kva ein skal gjera viss ein mistenkjer smitte og andre relevante problemstillingar.
Personar som får påvisast koronaviruset vil bli isolert heime eller på sjukehus, avhengig av sjukdomen sin alvorlegheitsgrad. Kommunelegen vil kartleggja og informera nærkontaktar om at dei lyt vera merksame på symptom, og om dei kjenner seg sjuke etter dei første dagane etter kontakt med personen som har fått påvisast koronovirusinfeksjonen.
Helsedepartementet har løpande kontakt med World Health Organization (WHO) og samarbeider også med andre europeiske land, blant anna gjennom EU sin helse- og tryggleikskomite.
