Regjeringas mål er at heile den vaksne befolkninga skal ha fått den tredje dosen med koronavaksine før påske, men ifølgje helsedirektør Bjørn Guldvog er det ikkje sikkert at dette blir den siste dosen koronavaksine vi får.

– Vi må vere førebudde på at det ikkje er nok med tre dosar koronavaksine, seier Guldvog til P4.

Sidan omikronvarianten ser ut til å bli dominerande, vurderer vaksineprodusentane å utvikle vaksinane slik at dei òg er effektive mot den nye virusvarianten.

– Eg trur dei kjem til å gjere det, og at vaksinane vil byrje å vere tilgjengelege frå mars/april, seier helsedirektøren.

Han understrekar at det ikkje er sikkert at vi vil få desse vaksinane til Noreg så tidleg som i mars eller april.

– Derfor er vi avhengige av å ha ei god vaksinasjonsgrad av dei vaksinane vi allereie har, seier Guldvog.

(©NPK)