Førebels er samankomstar med meir enn 20 personar berre frårådd, medan arrangement på offentleg stad med meir enn 200 personar ikkje er tillate.

– Då det vart innført, var vurderinga at det ville vera tilstrekkeleg med råd til private forsamlingar, skriv fagdirektør i Helsedirektoratet, Svein Lie, til Adresseavisen.

No opplyser han at det kan innførast skjerpa reglar.

– Hendingane dei siste dagane, med store uformelle samankomstar har aktualisert spørsmålet om det er tilstrekkeleg med råd, seier Lie.