Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde bur seg på ekstremvêret

Helse Førde er i gul beredskap og set i verk tiltak.

Helse Førde bur seg på ulike scenario knytt til ekstremvêret Gyda, som onsdag trefte Vestlandet.

Slik er tiltaka, som Helse Førde har publisert på sine nettsider:

  • Der det er mogeleg og blir vurdert som naudsynt, vil Helse Førde bemanna opp med ekstra helsepersonell på ambulanseoppdraga.
  • Ambulansetenesta har onsdag hatt auka møteaktivitet og informert ambulansestasjonane saman med AMK-sentralen.
  • Det vert auka vaktordning på dagambulansane, slik at desse går i døgnvakt ved stasjonane i Stryn, Lærdal og Sogndal fram til og med fredag. Deretter vurderer Helse Førde vidare vaktordning ut frå situasjonen.
  • Sognefjorden indre skal dekkast med bruk av redningskøyta på Leikanger. Dersom det vert større utfordringar inst i Sognefjorden, er det aktuelt å styrka beredskapen med ein ekstra ambulansebåt.
  • Det vert også arbeidd med å skaffa dispensasjon for å kunne bruke den nye tunnelen i Kjøsnesfjorden for ambulansar i uversperioden.
  • Det er etablert ei felles kommunikasjonsløysing i nødnett for helseføretak, kommunar, nødetatar, statsforvaltar og andre viktige samfunnsaktørar.
  • Pasientar med time ved poliklinikk, som får vanskar med å reisa til og frå sjukehuset, vert oppmoda om å melda avbod. Meld frå til Helse Førde, så får du ikkje gebyr for manglande oppmøte. Dersom ein ikkje har tilgang til telefontenester, og såleis ikkje får meldt ifrå, slepp ein også gebyr for ikkje å ha møtt.

På toppen av dei tiltaka som er nemnd her, gjennomfører Helse Førde ei rekke beredskapstiltak internt. Desse berører Helse Førde sine tilsette og deira interne medisinske, tekniske og organisatoriske system, og blir gjennomført for å trygge pasientar best mogeleg i denne situasjonen.

Kommentarer til denne saken