Held barnehagar og skular opne i Sogndal

STENGJER IKKJE: Ordførar i Sogndal, Arnstein Menes, fortel at foreløpig er det ikkje planar å stengja barnehagane og skulane i kommunen på grunn av fare for spreiing av koronavirus.

STENGJER IKKJE: Ordførar i Sogndal, Arnstein Menes, fortel at foreløpig er det ikkje planar å stengja barnehagane og skulane i kommunen på grunn av fare for spreiing av koronavirus. Foto:

– Me har ikkje plan om å stengja barnehagar og skular no, seier ordførar i Sogndal kommune, Arnstein Menes.

DEL

I dag har alle rektorane og styrarane i kommunen vore møte og gått gjennom situasjonen med koronaepidimien.

– Me kjem til å gje råd til foreldre, born og dei tilsette, seier ordføraren.

Seinare i dag, torsdag, skal kommunen ha eit møte med beredskapsleiinga, og vurdera tiltak framover.

– Me følgjer anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og frå smittevernlege og kommunelege Leiv Erik Husabø, seier Menes.

Artikkeltags