HEITAST: Her i Lærdal var det mål 21,5 varmegrader andre påskedag. Mange nytta naturleg nok høve til å ta seg ein tur langs ein av dei mange flotte etappane av Kongevegen.

Heitast i Lærdal

I Lærdal var det varmast i fylket då påsken vart avslutta.

Publisert 23.04.2019 kl. 16.08. Oppdatert kl. 16.11.

I følgje NRK, som har sjekka den offisielle målinga til Meteorologisk institutt, var det Lærdal som hadde den høgaste temperaturen i Sogn og Fjordane 2.påskedag med heile 21.5 varmegrader.

Det varme veret fører også til auka skogbrannfare ifleire delar av fylket. Lærdal, Stryn og Sogndal er alle kommunar med stor skogbrannfare i augneblinken, men det er også fare i Gulen, Fjaler, Vik og Leikanger. Skogbrannfaren vil truleg også auka dei neste dagane, heiter det frå yr.no.


Fare for brann

Brannsjefen i Lærdal sende før påske ut eit varsel om at folk må vera forsiktige med båltenning og bruk av eingongsgrill.
- Vegetasjonen er lett anlettenleg og store område kan bli råka, seier Gaute Johnsgaard. Han minna også om at det er forbode å tenna bol utan løyve frå brannsjefen etter 15. april.

Meteorologisk institutt minner også om at sola er sterk anten ein solar seg, jobbar i hagen, er på fjellet eller sit på cafe.
- Kastar du skjorta kan det vera greitt å hugsa på at huda ikkje har vendt seg til sola enda, så smør deg med solkrem og bruk solbriller. Me vert faktisk oftare solbrende når me kanskje berre skal jobba litt i hagen eller reisa ein tur ut på fjorden, heiter det i ei pressemelding derifrå.


Regn til helga

For lærdølane sin del er det mykje som tyder på at det held fram med å vera lunt og godt dei neste dagane, trass i at 21,5 grader ikkje er å spora på langtidsvarselet.
Derimot kan det sjå ut som om det kjem litt regn både natt til laurdag og natt til søndag, noko som truleg er godt nytt for bønder i området.


Les meir om: Nyhende Lærdal Vêr