Gå til sidens hovedinnhold

Heime i sommar? Då kan du nytta høve til å røysta

Er du folkeregistrert i heimkommunen, men bur ein anna stad? Då kan det vera lurt å førehandsrøysta når du er på ferie.

Dersom du ikkje har moglegheit til å røysta på valdagen eller i førehandsrøysteperioden frå 10. august til 10. september, kan du røysta ved innbyggjartorget i kommunen frå 1. juli. Det skriv Sogndal kommune på heimesida si.

Ordninga gjeld for alle som oppheld seg innanriks (utanom på Svalbard og Jan Mayen), men er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen.

Du kan tidlegrøysta og førehandsrøysta i den kommunen du vil, men på valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er folkeregistrert som busett i per 30. juni 2021. Du kan berre røysta ein gang.

Hugs legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal røysta. Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilete.

Ordinær førehandsrøysting frå 10. august

NB! Dei ordinære røystesetlane er ikkje ferdige til tidlegrøystinga, så du kan berre røysta på eit parti og ikkje gjera endringar på lista.

Røystesetlane vil vera klare til den ordinære førehandsrøystinga som byrjar 10. august og varer til 10. september.

Kommentarer til denne saken