Gå til sidens hovedinnhold

Heilomvending frå kommunen, opphevar forbodet

I ei oppdatering på eigne heimesider onsdag skriv Årdal kommune at kommuneleiinga har valt å oppheva det midlertidige forbodet mot ferdsel på isen på Årdalsvatnet. Avgjerda er gjort i samråd med lokalt politi.

– Me ser at fleire av punkta, som var bakgrunn for avgjersla, ikkje lengre er aktuelle. Nesten heile Årdalsvatnet er no islagt. Det kan likevel vera stor variasjon på isforholda og i tida framover er det meldt mildare vêr og vind, skriv dei, og oppmodar samstundes folk om å vera varsame.

Heilomvendinga kjem berre dagen etter at kommunen bestemte seg for at ferdselsforbodet på isen skal gjelda fram til 15. mars.

Les også

Tviheld på isforbodet, men gjer det neppe igjen: – Me har lært mykje

Kommentarer til denne saken