Gå til sidens hovedinnhold

Hege toppar SV-lista – to i Sogndal på dei neste plassane

Artikkelen er over 1 år gammel

På det digitale nominasjonsmøtet for SV i Sogn og Fjordane laurdag vart Hege Lothe nominert på fyrsteplass på stortingslista. Det er 35 år sidan førre gong ein nordfjording toppa SV-lista.

– Sogn og Fjordane har både kultur, natur og næring som er viktige å ta vare på, kjempa for og utvikla inn i framtida. Difor vil eg arbeide for vår plass i verda, for eit sjølvstendig Sogn og Fjordane, for internasjonal solidaritet, for klima og for mindre forskjellar mellom folk, seier Hege Lothe.

Bak henne på lista står Hans Christian Knudsen som er ungdomskandidat, og på tredje plass står Vibeke Johnsen som er varaordførar i Sogndal.

Slik ser lista ut:

Stortingslista for SV i Sogn og Fjordane:

1) Hege Lothe, Gloppen

2) Hans Christian Knudsen, SU/Sogndal

3) Vibeke Johnsen, Sogndal

4) Åsmund Berthelsen, Sunnfjord

5) Nermin Ali Wasta, Kinn

6) Silje Høgelid, Høyanger / Bergen

7) Bent-Inge A. Borgund, Stad

8) Hilde Iren Rivedal, Sunnfjord

9) Sæmund Stokstad, Lærdal

10) Heidi Grande Røys, Kinn

Kommentarer til denne saken