Heftige hårnålssvingar får 300.000 i støtte – kan stå klar til hausten

VEGHISTORIE: Tilskotet skal gå til utbetring og reparasjon av deler av vegen som er skadd av ras og utgliding. Målet er at vegen skal verta ein turistattraksjon.

VEGHISTORIE: Tilskotet skal gå til utbetring og reparasjon av deler av vegen som er skadd av ras og utgliding. Målet er at vegen skal verta ein turistattraksjon. Foto:

Vegen er over 100 år gamal og går i 42 hårnålssvingar, men treng sårt utbetring. No kjem pengane.

DEL

Den over 100 år gamle vegen mellom Hersnosi og Sletterust i Årdal har fått tilsegn om stønad på inntil 300.000 kroner frå Kulturminnefondet.

– Tilskotet skal gå til utbetring og reparasjon av eit område skadd av ras og utgliding. Når vegen blir sett tilbake til opphavleg stand, vil den bli ein turistattraksjon og eit reisemål, fortel direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet i ei pressemelding frå Kulturminnefondet.

Bygd av Norsk Hydro

Den gamle anleggsvegen frå 1910 er på Statens vegvesen si liste over verneverdige vegar og er viktig for den gamle veghistoria i Årdal, heiter det frå Årdal Utvikling, som står bak søknaden om pengar.

Vegen vart bygd av Norsk Hydro i samband med kraftutbygginga og slyngjer seg opptil 1000 meter over havet.

– At vegen vert sett i stand, vil ha stor verdi for bruken, både for lokalbefolkninga og turistar. vegen har rast ut mykje og det har ikkje vore tilrådd å bruka den. Men no kjem me i gang og eg håpar den blir klar allereie til hausten, seier Trine Grøttebø i Årdal Utvikling i pressemeldinga.

Turveg, men noko utrygt

I 1964 vart vegen omklassifisert til privat veg og har seinare vorte mykje nytta som turveg for syklistar og gåande. Men utglidinga av vegbana har avgrensa bruken dei siste fem åra. I dag er det farleg å ta seg forbi rasstaden og tilkomsten er utfordrande, heiter det i pressemeldinga.

Det blir opplyst at Årdal Utvikling ynskjer å gjennomføra utbetringsarbeid på vegen for å etablera ei trygg løysing for gåande og syklande, slik at vegen kan nyttast som ein ressurs i reiselivsutviklinga.

Artikkeltags