Det opplyser Vegtrafikksentralen onsdag morgon. Trafikantar på strekninga Sogndal-Leikanger må altså bu seg på venting ei stund framover.

– Det har tidlegare vore problem med trafikklysa der, så først trudde me det var det som hadde skjedd. Likevel synte det seg at ein lastebil hadde fått stopp mellom trafikklysa.

Carlo Aall tok bussen onsdag morgon. Det blei ein lengre tur enn venta.

– Me er komne gjennom no, men me stod i 20 minuttar og venta, seier han over telefonen til Sogn Avis i 08.20-tida.

Ifølgje Aall var det framleis betydelege køar på begge sidene av lysreguleringa då bussen fekk koma gjennom.

Trafikken på onsdag ettermiddag går som normalt.