– Den siste landslagssamlinga eg var på i juni 2021 er eit godt bilete på kor gale det var. Eg vakna tre-fire gonger om natta, fordi eg var svolten og grua meg til trening og kamp. Og sjølv om eg var svolten, torde eg ikkje å eta fordi eg var redd for å gå opp i vekt. Då forstod eg at dette var noko eg måtte ta tak i. Eg trudde botnen var nådd, men det viste seg at den skulle eg nå seinare.
Historia til den unge mannen frå Breim er ikkje ferdig, og det er endå ikkje sikkert at den får ein lukkeleg slutt. Men han er klar til å fortelja.
Eteforstyrring
– Berre gå rundt huset du, så møter eg deg der.
Det er ikkje overraskande at det første som møter oss i den flate hagen heime hjå familien Hetle er eit fotballmål. Mektige Breimsvatnet kviler i bakgrunnen.
Det er kanskje litt symbolsk at målet står tomt òg.
Håvard Hetle har blitt sett på som landets største keepertalent sidan tidleg i tenåra. Han har spelt på aldersbestemte landslag sidan han var 14, blei andrekeeper i Sogndal allereie som 16-åring, og var med i TV2-serien «Våre neste menn».
Fotballverda låg for hans føter, trudde dei fleste. Inkludert han sjølv. Men frå august i fjor har det vore stille.
– Eg utvikla ei eteforstyrring, slik at eg verken fysisk eller psykisk var i stand til å spela fotball. Eg måtte ta steget heilt ut, og byrja å rydda frå botn av. Eg kunne ikkje trena fotball når kroppen hadde nok med å overleva.
Årsaka
Hetle har bestemt seg for å stå fram med historia si til éin medieaktør, i form av Sogn Avis.
I tillegg har han spelt inn ein podkast med Sogndal Fotball om tematikken. Etter det håpar han å vera ferdig med å prata om det på ei stund.
– Det byrja då alt blei stengd ned i mars 2020. Eg bestemte meg for at eg skulle gjera den beste jobben av alle fram til det opna att. Ting gjekk bra, eg spelte treningskampar, og kjende at eg var nærare draumen enn tidlegare. Men så stoppa det, eg kjende på ei mangel av tilhøyrsel – at eg ikkje blei sett av støtteapparatet og resten av gruppa. Då tenkte eg på kva eg kunne gjera for å ta det neste steget, fortel Håvard.
På dette tidspunktet visste han ikkje at han var i ferd med å utvikla ei eteforstyrring. Men den negative spiralen var i gong.
– Me byrja å vega oss før og etter trening, og alle måtte skriva opp vekta si på ei liste som hang i garderoben.
Der såg ungguten at han som ein av dei yngste i a-stallen óg var blant dei tyngste.
– Ein 17-åring skal ikkje tenkja at «om eg går ned to kilo, så tek eg det steget». Eg har i tillegg alltid fått kommentarar på kor mykje mat eg har ete. Det er berre meint som kvardagsprat, men det kan slå hardt ut når ein er utrygg og ikkje kjenner tilhøyrsle til resten av spelargruppa. Totalen blei at eg ønskte å gå ned eit par kilo i håp om på utvikla meg vidare. Det leia til at eg trente altfor mykje, medan eg fekk i meg for lite.
Diagnosen
Håvard utvikla eteforstyrringa med diagnosen anoreksia nervosa. Han auka treningsmengdene, men fekk ikkje i seg nok mat.
På det verste hadde han eit vekttap på opp mot ti kilo.
– Som keeper lever du av å hoppa høgt og raskt etter ein ball. Eg har alltid vore blant dei tyngste og ein av dei som ser fyldigast ut. I jakta etter marginar, og at eg ville ting for fort, tok eg val eg ikkje burde teke. Eg åt for lite energitett mat, klarte ikkje å halda oppe den vekta eg skal ha, og utvikla eteforstyrringa, fortel han.

Her smiler Håvard (18), men så kom dei tunge tankane: – Ting gav ikkje mykje meining på det verste
Keeperen droppa ikkje måltid, men endra på kva han tok inn, og mengda på det. Han auka inntaket av grønsaker, og kutta ned på inntaket av metta feitt. Forholdet til mat blei etter kvart så krevjande at det blei vanskeleg å eta eit eple.
– Eg forstod i august 2020 at noko ikkje stemde, men torde ikkje erkjenna problema som var på gang. Eg ønskte å stå fram som den unge, sterke mannen eg hadde vore tidlegare. Sett i ettertid skulle eg ønskt at eg var tøff nok til å seia at her var det noko som måtte fiksast. Eg blei ståande åleine, og då sjukdomen først tok over, klarte eg ikkje å gjera jobben med å bli betre på eiga hand.
Vekta gjekk nedover og spelaren blei tynnare, men problema hans let seg skjula for omverda.
– Eg har alltid hatt mykje muskelmasse, som gjorde at eg var meir undervektig enn vekta viste. Det var med på å skjula problema mine.
Kvardag utan meining
Han fullførte sesongen som Sogndal sin andrekeeper, og gjekk på lån til Florø året etter.
– Eg skulle aldri reist dit. Det har ingenting med Florø å gjera, men eg var ikkje frisk nok til å kjempa om ein plass som førstekeeper på dette tidspunktet, seier han.
Ting blei verre. På den nemnde landslagssamlinga i juni gav Håvard beskjed til trenarane om at han ikkje var i stand til å spela, men grunna skade måtte han i aksjon likevel. Han stod fram i media og fortalde om mentale utfordringar, både til Sogn Avis og i VG.
I august skulle han etter planen attende i a-stallen til sogndølene, men etter éi trening enda det i staden med sjukmelding, byte av skule og heimflytting til guterommet i Breim.
Her kom det nemnde botnpunktet.
– Eg vakna om morgonen utan å sjå ei meining med dagen. Det var det tyngste. Då var botnen verkeleg nådd. Eg klarte ikkje å ta tak i problema før i oktober, og det har vore ein prosess eg helst vil fortrengja. Heldigvis har det gradvis gått oppover.
Behandling
For her byrja historia å snu. Håvard kom i gang med behandling. Han blei kopla på ernæringsfysiolog, psykolog og lege, og hadde i tillegg jamlege møte og samtalar med Ole Erik Grinde i Sogndal Fotball.
Ungguten fekk hjelp til å eta rett mat, og vekt og blodverdiar blei passa på av fagpersonell.
Men det var tøffe tak.
– Det var ein kontinuerleg kamp, sidan dette er ei psykisk liding. Livskvaliteten var veldig låg. Fotball var heilt uaktuelt i denne perioden, og eg såg ikkje for meg at eg skulle koma attende. Det var sårt. Eg var heilt ute.
Då var det viktig å ta vare på dei små oppturane.
– Eg utvikla ein stor lidenskap for baking. Eg jobba deltid på eit bakeri, og det var veldig gjevande. Det gav meg glede, og var til stor hjelp gjennom den perioden, sidan det gav meg noko anna å tenkja på.
I slutten av mars kom eit etterlengta vendepunkt.
– Då klarte eg å ta meir tak i problema, og eg blei etter kvart sopass trygg på at eg klarte å nøytralisera eteforstyrringa, at eg kunne byrja å trena, sjølv om eg ikkje er heilt frisk enno.
– Min største prestasjon
I mai-juni byrja Håvard med fotball- og keepertrening att. Først var det økter heime med veslebroren Erlend (14), deretter gjekk han vidare til individuelle økter i Sogndal saman med Terje Skjeldestad.
I starten blei det dagsturar til Sogn for å ha to økter i veka, no flyttar Håvard nedover i vekedagane ein periode framover, for å løfta dette opp til fem. Skjeldestad, Grinde, fysisk trenar Knut Ripe og ernæringsfysiolog Heidi Holmlund er «teamet» som skal hjelpa til i denne opptreningsfasen.
– Eg har ikkje sett meg eit definert mål. For meg er det ein siger å seia at eg skal på trening på Campus saman med Terje Skjeldestad igjen. At eg har kome dit, er for meg den største prestasjonen eg har gjort i livet mitt. Me skal gjera dette i tre-fire veker, så skal me ta eit val om å gå vidare, eller om eg skal gjera noko anna. Eg skal ikkje lyga heller – eg håpar og drøymer om at eg om éin månad kan gå inn att og «pusha». Men då vil det valet koma på rett grunnlag, og ikkje grunna sjukdomen min.
Skulle ønskt betre informasjon
Eit spørsmål som melder seg er om problema hans burde blitt plukka opp tidlegare frå dei rundt han i kvardagen?
– Ja og nei. Hovudproblemet var det med å vega ein 17-åring to gonger for dagen. Eg blei livredd for den vekta. Det var ein stor grunn til at eg utvikla eteforstyrringa. Det blei eit ønskje om å gå ned i vekt, ein konkurranse. «Kor mykje kan eg gå ned til i morgon», liksom. Eg skal ikkje sitja her og skulda på nokon, men eg skulle ønskt at eg fekk betre informasjon og lærdom om kva som var rett å gjera for ein 17-åring. Dette burde blitt oppdaga tidlegare, slik at eg fekk betre hjelp, men det står like mykje på meg, sidan det var eg som var sjuk.
– Er det for mykje fokus på vekt i fotballen?
– Me lever av kroppane våre, så det er naturleg at det er fokus på å gjera dei i stand til å pressa seg. Men det har ingenting for seg å vega folk to gonger for dagen, meiner eg. Korleis kroppen presterer er individuelt. Eg presterer ikkje om feittprosenten min er under 12-13, medan andre kan prestera bra når den ligg på fem.
Vil hjelpa andre
Fotballen har gradvis blitt meir transparent med åra, og fokuset har dreia seg meir over mot det mentale.
At spelarar står fram og fortel om eteforstyrringar er likevel av det sjeldne slaget.
– Alle har sympati med deg om du ryk korsbandet eller knekkjer ein fot, og er ute i seks-sju månader. Men om du får eteforstyrring eller ein anna mental tilstand som gjer at du ikkje kan spela, er kjensla at folk ser rart på deg og lurer på kva du held på med, seier Håvard, og flyttar seg frå stol til sofa for å koma vekk frå det byrjande regnet.
– Eg ønskjer å dela historia mi for å hjelpa andre til å unngå å hamna i same situasjon som meg. Eg kan aldri tenkja meg at det berre er eg som opplever dette i fotballen. Eg er førebudd på at det kan koma blanda reaksjonar, men det får vera. Viss eg kan hjelpa éin, er det nok for meg.
Ei tapt ungdomstid
– Her har eg stanga hovudet mange gonger, seier Håvard og peikar omtrent nøyaktig på kvar skallen hans har treft metallstonga på målet i hagen eit utal gonger gjennom oppveksten.
– Du har vore svært ambisiøs sidan ung alder, og det har vore opplese og vedteke at du er «det neste store». Har det bidrege til at du blei sjuk?
– Absolutt. Eg fekk eit bilete av at ting skulle koma raskt. Eg skulle ønskt eg var meir tolmodig, at eg klarte å nyta reisa eg var på. Nådde eg eitt mål, var det vidare til neste. Det eg angrar mest på er at eg ikkje sette pris på reisa. At eg ikkje gleda meg over å få halda på med det eg likar aller best.
– Har du gløymt å vera ungdom?
– Eg har øydelagd heile vidaregåande skule-løpet mitt. Det som skulle vera den hittil beste tida i livet har eigentleg blitt fullstendig øydelagd.
– Det er ei ganske brutal erkjenning å høyra frå ein 19-åring.
– Det er ikkje lett å sitja her og seia det. Men det er diverre slik det er. Eg har hatt få sosiale relasjonar, har bytta skule, og har ikkje fått dei gode venene og opplevingane som ein 16-17-18-åring bør ha. I staden heldt eg på å øydeleggja meg sjølv.
Takkar Grinde
Framtida er ei opa bok. Det kan bli meir fotball om kropp og hovud tillèt det, men 19-åringen har òg søkt seg inn på jusstudiar frå hausten av. Poenget er, som nemnd, at han skal kunna ta eit val ut frå dei rette føresetnadene.
– Eg er svært takksam til Sogndal og Ole Erik spesielt som har stått ved mi side gjennom heile denne perioden. Utan hans oppfølging hadde eg aldri kome gjennom dette. Han har stått med meg, og eg veit ikkje korleis eg skal takka han for den jobben han har gjort. Det er heilt utruleg.
Personellet i Helse Førde betyr mykje for framgangen, det same gjer nær familie.
– Dette hadde ikkje gått utan mamma heller. Ho har hatt sin dialog med ernæringsfysiologen, og styrt den viktigaste delen av behandlinga mi heimanfrå. Vidare har eg fått eit nært forhold til bror min, Erlend. I den første delen av opptreninga mi trente me saman. Det var veldig gjevande, og me kom mykje nærare kvarandre.
Lagar gode dagar
Ein tøff og tidvis vond epoke av livet hans er nær fortid. Vegen framover ligg der, full av både sjansar og fallgruver.
– Eg og Ole Erik fokuserer på å laga dagen i dag litt betre enn den i går. Den filosofien tek eg med meg inn i fotballopptreningsperioden. Når eg går på ei økt, skal eg elska den økta. Det handlar om å laga gode dagar.
– Og at dagen gir meining rundt meir enn at eg er ein fotballspelar, seier Håvard Hetle.