Håvard Hetle (18) skal spela på lån for Florø ut årets sesong, melder Sogndal Fotball på sine nettsider.
– Eg er veldig motivert for å reisa til Florø for å kjempa meg til ein plass på laget der. Hovudmålet mitt er å prestera så bra i år at Sogndal ønskjer meg attende, seier keepertalentet.
Behov for kampar
Grunna koronaviruset blei det ikkje spelt serie i 3. divisjon i fjor, slik at Hetle ikkje kunne spela kampar for Sogndal 2.
Det er framleis usikkert når dette nivået får byrja att, difor meiner Sogndal det er lurt å gje Hetle kamptrening ein anna stad.
– Det er viktig at Håvard får ein god kamp- og treningskvardag, og det er me sikre på at han vil få i Florø, seier Håvard Flo.
Laget frå kystbyen spelar i 2. divisjon komande sesong.
Mutert virus gjer at dei ikkje veit når Sogndal får spela kamp igjen – og dette svarar leiaren på om klubben toler eit nytt 2020
Erstattaren på plass
Hetle blei flytta ned på juniorlaget for å få nokre kampar under beltet i andre halvdel av førre sesong, i den samanheng blei Jørgen Johnsen (19) henta på lån frå Vålerenga for å vera backup for Renze Fij.
No er Johnsen henta attende til Sogndal, denne gongen på ein permanent avtale gjeldande ut 2021.
– Han har glidd fantastisk flott inn i gruppa, og me er glade for å ha Jørgen med oss vidare. No som Håvard reiser til Florø på jakt etter speletid, har me behov for ein god andrekeeper etter Renze Fij, seier Flo til klubbens nettsider.
Keepertrenar Geir Stenehjem gjev keeperen følgjande skussmål:
– Jørgen er veldig god på streken, og er ein god keeper som passar suverent inn i gruppa vår.
Kommentarer til denne saken