Har to år med mykje tunnelarbeid i vente: – Blir litt vanskelegare å ferdast

VEGARBEID: Dei komande to åra må årdølene bu seg på omfattande tunnelarbeid på fire strekningar. Mellom anna skal Kolnostunnelen mellom Årdalstangen og Fodnes oppgraderast.

VEGARBEID: Dei komande to åra må årdølene bu seg på omfattande tunnelarbeid på fire strekningar. Mellom anna skal Kolnostunnelen mellom Årdalstangen og Fodnes oppgraderast. Foto:

Dei komande to åra vert det ikkje like enkelt som i dag å ta seg fram på tre ulike vegstrekningar i Årdal kommune.

DEL

Fire av vegtunellane i kommunen skal utbetrast for å verta tryggare for trafikantane.

– Vi må førebu oss på at det ikkje blir like enkelt som i dag å køyra mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, mellom Seimsdalen og Årdalstangen og mellom Årdalstangen og mot kommunegrensa til Lærdal, skriv rådmann Stig Stark-Johansen i ei orientering.

Nattarbeid

– Spesielt vil dei som bur i Seimsdalen oppleva at det blir litt vanskelegare å ferdast. Men i hovudsak skal arbeidet skje om natta, slik at daglege gjeremål ikkje skal verta hindra, seier Johansen.

Tidleg på våren vert det arrangert eit folkemøte på Årdalstangen, der prosjektleiarane skal vera med og seia meir konkret om framdrifta i prosjekta.

Litt forseinka

Ordføraren og administrasjonen i Årdal kommune har hatt eit møte med dei ansvarlege for oppgraderinga av dei fire tunnelane, Steiggje-, Finnsås-, Kolnos- og Seimsdalstunellen. På grunn av at Statens vegvesen er i ferd med å overføra desse vegprosjekta til Vestland fylkeskommune, har dei blitt noko forsinka.

Dei tre tunnelane Steiggje, Finnås og Kolnos vert sett på som eitt prosjekt. Det vert rekna med at ein skal bruka kring eitt og eitt halvt år med sprenging for utbetring i første tunnel. Så vil det vera om lag eitt år med elektroarbeid.

Sprenging og kolonne

Vegentreprenørane startar med Steiggjetunellen, så Finnsås og så Kolnostunellen. Sprengingar vert utført på nattetid mellom midnatt og 05.30. Då vert tunnelane heilt stengt, men det blir ei kolonne 02.30 til 03.00.

Det skal vere mogleg for politi, brannvesen og ambulansar å passera utanom kolonnen. Det kan også verta stenging på dagtid.

Oppstart av arbeidet i Steiggjetunellen vert truleg før ferien. Når arbeidet med Steiggjetunellen vert sett i gang, vil kommunen prøva å nytta høve til å samtidig sette opp dei planlagde gatelysa frå Årdalstangen til Loi.

På deler av denne strekninga har kommunen behov for å nytta vegbana når det skal arbeidast ved turstien.

Nytta steinmassar

I Seimsdalstunellen er det forventa oppstart av arbeidet etter fellesferien. Ein reknar med at det vil ta to år frå oppstart til ferdigstilling. Det vil koma meir informasjon på folkemøtet om alternativ transport og beredskapsløysing for Seimsdalen.

– Årdal kommune har arbeidd på spreng for at kommunen og andre skal kunne nytta steinmassen som vil bli tatt ut av tunnelane, men dessverre vil det meste av tunnelmassane verta tømde på fjorden i Seimsdalen. Noko av massane vil bli nytta av det lokale knuseverket på Brennborg. Det skal også lagast fire nye skredsikringar ved Årdalstangen. Så er det slik at ein del massar skal plasserast ved innløpet til Finnsåstunellen ved Årdalstangen. Dette er massar som seinare kan takast ut, skriv rådmannen.

Familien gler seg til ny tunnel: – Men det kjem til å forverra logistikken for oss

Artikkeltags