Har spelt sin siste kamp for Sogndal

Martin Ramsland har takka for seg i Sogndal.

Publisert 19.07.2019 kl. 17.00.

I mars skreiv lysluggen under på ein kontrakt med Start og har allereie reist til Kristiansand. Det melder Sogndal Fotball på sine nettsider.


Speleklar 1. august

Ramsland er ikkje speleklar for sørlendingane før 1. august. Angriparen står bokført med 70 kampar for Sogndal og noterte seg for 15 scoringar.


- Me vil takka Martin for innsatsen gjennom dei åra han har vore hjå oss, og ynskjer han mykje lukke til vidare, skriv sogndalfotball.no.