Det vart klart etter skipingsmøtet til Vestland Bondelag 12. november.
Peder Nernæs frå Kvam kommune i Hardanger er vald som nestleiar.
– Eg gler meg til å jobba for å betre vestlandsbonden sine rammevilkår, seier nyvald fylkesleiar Anders Felde i ei pressemelding.
– Eg har med meg ein dyktig nestleiar og eit engasjert og dyktig fylkesstyre i arbeidet, så eg tek til på arbeidet med stor motivasjon. Saman skal me gjera ein god jobb på vegner av vestlandsbonden. Skal me klara det vil dialogen med lokallaga og medlemene vera avgjerande, så nøl ikkje med å ta kontakt.
Tidlegare var Sogn og Fjordane- og Hordaland Bondelag to ulike lag, men etter at Vestland vart eitt fylke har også bondelaga slege saman til eitt.
Andre styremedlemer i Vestland Bondelag er:
Gry Ingvild Agjeld, Olden Bondelag
Ole Bjarne Hovland, Årdal Bondelag
Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang Hagebrukslag
Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag
Lars Bø, Voss Bondelag
Linda Kristin Oppedal, Viksdalen Bondelag
Marianne Nordhus, Halsnøy Bondelag
Varamedlemer
1. Olav Myhr, Eikanger Bondelag
2. Nils Magne Gjengedal, Hyen Bondelag
3. Kjersti Hjelmeland, Omvikdalen Bondelag