Politiet har sett i gang ein redningsaksjon ved via ferrata i Loen etter at dei fekk melding om at ein person skal ha sklidd og falle.

Det melder Vest Politidistrikt klokka 21.33 tysdag kveld.

Krevjande vêr i området gjer at det ikkje er mogleg å koma fram med redningshelikopter.

Frivillige frå Røde Kors har teke skyliften opp for å prøva å ta seg ned til vedkomande til fots.

– Røde Kors er i kontakt med den skadde, som har oppgitt lokasjon. Han er bevisst, men litt kald og har smerter etter fallet. Slik vêret er no må vedkomande berast ned på båre. Det blir jobba med å få han ned, og dessutan legetilsyn, opplyser politiet klokka 22.38.

Ein lege ventar med redningshelikopteret på bakken.

Redningsaksjonen vil halda fram utover kvelden.