NORSUN: Tilsette ved Norsun i Årdal har fått varsel om at dei kan verta permitterte. (Arkivbilete)

Har sendt ut permitterings-varsel til 230 tilsette

Dette er på grunn av at 50 av 71 trekkarar ikkje er i drift.

Publisert 14.10.2019 kl. 17.06. Oppdatert kl. 17.15.

Vil unngå permittering

Fabrikksjef Steinar Talle seier at selskapet har henta inn ekspertar frå USA som arbeidar for å få trekkarane i drift att.


- Ei eventuell permittering slår inn først om 14 dagar. I mellomtida gjer selskapet det dei kan for å få alle trekkarane opp og gå att, seier Talle til porten.no på måndag ettermiddag.


Ikkje no nytt

Måndagkveld er situasjonen den same.


- Me håpar at trekkarane skal vera i drift att så fort som mogleg, seier fabrikksjef Steinar Talle til Sogn Avis.


Ein trekkar er ein smelteovn som nyttast til å smelta silicium.


- I ovnane kan det vera ein temperatur på 1500 grader, så det er veldig viktig at alt er i orden.


Han håpar at trekkarane kan vera i drift att i slutten av veka.


- Målsetninga er å unngå permittering, seier Talle.


 


Les meir om: Nyhende Næringsliv Årdal