Gå til sidens hovedinnhold

Har sendt ut farevarsel: Ventar kraftige regnbyger

Artikkelen er over 2 år gammel

Måndag kveld er det venta lokalt kraftige regnbyger med torevêr i Sogn og Fjordane.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for lokalt kraftige byger med torden i Sogn og Fjordane, Buskerud, Oppland og Hedmark i ettermiddag og i kveld.I Sogn og Fjordane kan det koma 25-40 mm på tre timar, enkelte stadar meir. Det vil vera store lokale skilnadar kor nokon ikkje får nedbør i det heile tatt. Frå i natt er det venta ein periode med mindre nedbør, før det igjen er venta kraftige regnbyer frå tysdag ettermiddag.Meteorologane tilrår reisande å sjekke vegmeldingar på 175.no, tilpass farten og køyr etter forholda.«Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmingar, bekke- og elveløpsendringar i jord- og flaumskred der regnbyene treff. Det er fare for stengde vegar. Nokon reiser vil få lengre reisetid. Lokalt vanskelege køyreforhold grunna overvatn og fare for vassplaning», melder yr.no.

Kommentarer til denne saken