Har halde fram med nye søk etter sakna kvinne

DEL

Søndag føremiddag har søket etter den sakna kvinna i Sogndal halde fram.

– Me er i gang frå morgonen av, melde Frode Kolltveit ved politiets operasjonssentral.

Leiteaksjonen starta laurdag, etter at kvinna vart meldt sakna natt til laurdag. Politiet har gått ut med signalement og ber om tips frå publikum.

Røde Kors hjelpekorps, Norsk folkehjelp, Norske redningshunder, Redningsselskapet bistår i søket saman med politiet og brannvesenet.

Laurdag vart det søkt på land og i fjordbassenget i og utanfor Sogndal sentrum.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken