Har fått svar på vassprøvane etter lekkasje

Publisert 14.06.2019 kl. 19.49.
Sogndal kommune har fått svar på vassprøvane etter at dei tidlegare i veka innførte kokepåbod for ein del av bygda på Kaupanger.
 
- Prøvane er teke rett ved lekkasjepunktet, på vårt kloakkanlegg og i Nedre Amla 125. Alle prøvane syner at det ikkje er E.coli og ikkje koliforme bakteriar.
 
Likevel, det er framleis ein teoretisk sjanse for at det kan vere framandvatn i drikkevatnet, og me opprettheld kokepåbodet til me er heilt sikre på at drikkevatnet er trygt, heiter det på Sogndal kommune sine heimesider.
 
Kommunen vil ta nye vassprøvar på måndag. Svara på prøvane kjem på tysdag. 
Då vil ny informasjon bli sendt ut på sms til dei som er råka så snart dei veit noko meir. 

Les meir om: Nyhende Notis