Gå til sidens hovedinnhold

Har fått svar på nesten 200 prøvar

Over tusen prøvar er analyserte så langt denne veka.

Frå Helse Førde vert det torsdag morgon meldt om at det er ikkje er funne nye positive svar på blant dei 192 prøvane som vart analyserte i løpet av onsdagen.

Det er fyrste gong på over ei veke at det ikkje er avdekt nye smittetilfelle i Sogn og Fjordane.

Berre denne veka er det analysert 1152 prøvar. Ein pasient er framleis innlagd på sjukehus til behandling for covid-19, melder helseføretaket.

Kommentarer til denne saken