Har du forslag til kandiatar så hastar det no

DEL

Det er tid for å finne kandidatar til Christine Leigh-prisen. Den blir delt ut til personar, lag eller organisasjonar for friviljug innsats innan omsorg, velferd og velvære for innbyggarane i Sogndal kommune.

Prisen er på 26000 kroner og har namnet sitt etter Christine Leigh som døydde berre 26 år gamal. Midlane til prisen kjem frå sal av Velferdssenteret som i si tid vart oppretta som rekonvalesentheim til minne om Christine, av syster hennar, Louise Leigh Rønneberg.

Prisen blir delt ut for åttande gong i år, og skal delast ut i april månad for å markere at Christine hadde fødselsdag i april.

Legatstyret har allereie fått framlegg til kandidatar, men håpar å få fleire, seier styreleiar Else Kristine Husabø.

Ho legg til at det har vore praksis at ordføraren har delt ut prisen, og legatstyret satsar på at ordføraren i nyekommunen vil ta på seg oppdraget.

Fristen for kandidatar er 31.mars.

Artikkeltags