Har du ei koronahistorie å fortelja?

BLI MED: - Undersøkande journalistikk har aldri vore viktigare, seier Per Christian Magnus, som no jaktar koronahistoriene som ikkje er fortalde.

BLI MED: - Undersøkande journalistikk har aldri vore viktigare, seier Per Christian Magnus, som no jaktar koronahistoriene som ikkje er fortalde.

Av

Då set me pris på om du kan bruka to minutt på spørjeskjemaet nedst i teksten her.  

DEL

Senter for undersøkjande journalistikk (Sujo) og Landslaget for lokalaviser (LLA) ønskjer å finna koronahistoriene som ikkje er fortalde. I desse dagar går dei ut med eit spørjeskjema der dei oppmodar folk i heile Norge om å fylle ut skjemaet som ligg ved i teksten her.

Brei dekning

Målet er å sikra ei brei og informert dekning av viktige samfunnsforhold – i heile landet. Difor skal dei innsamla historiene, og informasjonen som vert henta inn, bli stilt til rådvelde for lokale medium over heile landet, etter redaksjonell handsaming av Sujo.

Dagleg leiar ved Sujo, Per Christian Magnus, fortel at det er kunnskap og informasjon som er mest naudsynt og etterspurt no.

– Difor treng me ein nasjonal dugnad. Me må få fram ny informasjon og dei historiene som ikkje er fortalde, seier han.

Gjennomgang

Det er tidlegare TV2-journalist Steinar Figved som skal gå gjennom alt materialet som kjem inn.

– Du svarer anonymt. Dersom di historie vil bli brukt, tar me eller lokalavisa kontakt med deg. Er du ramma personleg, eller har du til dømes sett noko på arbeidsplassen din som treng offentleg merksemd? Då er det viktig at du fortel oss dette, seier Figved.

Han legg til at me er interesserte i folk sine historier, anten dei er små eller store.

– Me håper at folk vil fortelje oss erfaringar og historier, slik at me journalistar kan gjera jobben vår.

Stort ansvar

– Eg trur alle som driv med journalistikk kjenner på eit stort ansvar akkurat no. Det som skjer går så raskt og har så store konsekvensar for så mange, difor vil me gjerne ha tips som me kan jobbe vidare med. Undersøkjande journalistikk har aldri vore viktigare, legg Per Christian Magnus til.

Har fått støtte

– Personar som har tilgang til informasjon om kritikkverdige forhold skal kunne tipse oss på ein trygg måte. Så kan me formidla vidare informasjonen til aktuelle journalistar eller redaksjonar. Kanskje kan me også få til samarbeid mellom fleire redaksjonar, seier Magnus.

Han er oppteken av at pressa sitt kjerneoppdrag er å bidra til ein meir opplyst befolkning, og håpar dette prosjektet kan bidra til akkurat det. Prosjektet er finansiert av Fritt Ord.

Skjema og video

Her er finn du skjemaet du kan nytte.

Det er også publisert ein video på sosiale medium som fortel om prosjektet, her finn du den.

Artikkeltags