Me møter dei i det gamle kommunehuset i Sogndal. Og dei har noko viktig med seg i sekken som dei brenn etter å fortelja om.

– Kommunen har lyst ut tilskotsmidlar for kultur og nærmiljø som frivillige lag og organisasjonar og andre som driv med kultur kan søkja på, seier Torkjel Solbraa, tenesteleiar for samfunnsutvikling i Sogndal kommune.

– Ikkje vore gode nok

– Me er opptekne av at lag og organisasjonar må vita om at desse ordningane finst, det har me kanskje ikkje vore gode nok til å få fram tidlegare, seier Solbraa og fortel at dei også er bedne om å evaluera desse tilskotsordningane med tanke på framtida.

– Då skal me sjå på om dei har ein god innretning, om me treff målgruppene og ikkje minst måla til kommunen knytt til både nærmiljø idrett, kultur og friluftsliv, seier Solbraa, som var flankert av kultursjef Håvard Ese Eliassen og rådsleiarane Christoffer Knagenhjelm (Sogndal kulturråd) og Karstein Fardal, (leiar i aktivitets og friluftsrådet). Og det var den ein god grunn for.

– Dei er den frivillige innsatsen sine talspersonar inn mot kommunen. Og då må folk vita at dei finst, seier Solbraa.

Treng innspel

– Me er avhengige av å få innspel. Eit av mandata våre er å hjelpa kulturlivet og jobba for gode vilkår for dette området. Difor er det superviktig at folk søkjer på desse midlane. For kulturrådet sin ståstad er det alltid viktig å løfta den frivillige innsatsen innanfor kulturlivet, seier Knagenhjelm.

– Me er opptekne av at tilskotsordningane både til kultur og nærmiljøtiltak skal vera så enkle å ta i bruk at det skal vera lett å driva med kultur i kommunen når det gjeld mangfald og aktivitet, seier Ese Eliassen.

Halvanna million

Kulturfeltet blei styrkt då politikarane banka budsjettet for 2023.

– Kor stor er summen folk no kan søkja på?

– Me snakkar om til saman nærare ein og ein halv million kroner, seier Ese Eliassen.

– Er dette nok?

Det blir litt stille rundt bordet før Fardal rettar seg litt opp i stolen. For hans departement, nærmiljøet, sin del er summen 300.000 kroner. I tillegg er budsjettet styrkt med ytterlegare 300.000 kroner som skal gå til både nærmiljø og kulturtilskot.

– Får vår del har tilskotsordninga vore lite kjend. Eg fekk brukt opp alle pengane til slutt i fjor, men det er viktig å gjera ordningane meir kjende, seier Fardal.

– Det er framleis litt å gå på, seier Knagenhjelm, og peikar på at kultursektoren er blitt styrkt med eigen kommunalsjef og at kommunen har kultursjef.

– Det handlar ikkje berre om pengar, men også å styrkja apparatet. At kultur vart styrkt med ein million i budsjettet er eit viktig signal til den frivillige innsatsen, seier Knagenhjelm, og meiner dei frivillige sin innsats er utruleg viktig.

– Skal Sogndal vera ein vekstkommune framover er dei avhengig av å ha frivillige med seg, i alle bygdelaga.

Lågterskel

Fardal meiner det er viktig å nemna at kommunen har gått inn på ei ordning med forskottering av spelemidlar til dei som ønskjer utvikling av anlegg.

– Det styrkjer heilt klart dette feltet innan idrett og friluftsliv. I dag er det lange ventelister for å få spelemidlar, seier Fardal, og viser til nærmiljømidlane rådet han styrer sit på.

– Dette er lågterskeltiltak som opprusting av leikeplassar i byggjefelt og små nærmiljøanlegg som skapar gode bumiljø og stimulerer til fysisk aktivitet ute, seier Fardal, og minner om at dette kan søkjast om tilskotsmidlar til.

– Her kan ein også få spelemidlar.

– Meir og rett

Solbraa seier målet med tilskotsordningane er å stimulera til aktivitet. Det er nødvendigvis ikkje målet at kommunen skal betala for all aktivitet, men me er heilt avhengig av dugnadsinnsatsen, næringslivet og at andre tilskotsordningar er med og bidreg. Viss dei kommunale tilskota kan vera med å få i gang meir aktivitet, og rett aktivitet, så er det kjempemessig.

– Desse midlane kan også utløysa andre midlar. Signalverdien er veldig viktig, smett Knagenhjelm inn.

– Det er ofte slik at når ein skal finansiera opp aktivitetar, prosjekt eller andre ting er det som regel eit mangfald av kjelder til finansiering som må på plass. Då er det viktig for kommunen og yta vår del fordi det kan bidra til å løysa ut meir midlar frå andre kjelder, og dermed til meir aktivitet, seier Ese Eliassen.

Knapt med tid

– Så no håpar de søknadene vil renna inn?

Ja, seier dei fire og minner om at folk ikkje må venta for lenge.

– Fristen går ut 1. april.