Frå Røde Kors fekk meldinga gjekk det berre minutt før dei var i ferd med å kalla inn mannskap. Fire menn trengde hjelp for å koma seg ned frå fjellet mellom Skjåk og Luster.
– Me har mange folk på lista, men ein slik aksjon er ekstra krevjande. Så her ringde me dei me veit kan ta denne typen aksjon, seier Bjørn Hesjevoll Winge.
Han var ein av dei som koordinerte aksjonen frå den byrja, og til andre overtok då den var godt i gang.
Dårleg vêr
Me møter tre av dei åtte som var med på aksjonen. Ein av dei var Arne Stølen.
– Det snøa tett. Av og til såg me noko, andre gongar såg me ingenting.
– Det var vanskeleg å lesa terrenget. Frå me kom opp til driftshytta til Statkraft ved Styggevatnet, og til me reiste vidare innover fjellet gjekk det ein god time, seier Rune Abildgaard Sørensen i skredgruppa.
Mannskapet kom frå skredgruppa både i Sogndal og Luster, Hafslo Røde Kors hjelpekorps og Luster Røde Kors hjelpekorps.
Dei kunne køyra bilar opp forbi Fåberg i Jostedalen, men frå Bjønnstegane køyrde dei vidare med snøscooter.
Stressa automatikk
Det meste går på autopilot for desse karane når dei vert kalla ut.
– Det som først går gjennom hovudet er håpet om å finna dei me skal leita etter i god form. Så er det stresset med å få med og samla alt utstyret me treng, seier Arne.
– Det er ikkje så bratt i området der oppe, men det er skredterreng. Så me var litt nervøse for om alt ville gå som planlagt. Skredvarselet var ganske hissig, og me vurderte traseen nøye først. Deretter handlar det om å ta dei rette vala, og køyra der det er minst mogleg eksponert for ras, seier Rune.
– Me er vande med å dra ut på natta. Og vêret det styrer me ikkje. Men eg hadde ikkje reist med kven som helst, seier Tor Håkon Kilen.
Dei er sindige karar som har vore ute ei vinternatt før. Men ikkje alle netter er så heftige som denne var.
– Me var ikkje redde, men det var meir tidspress enn vanleg, seier Rune.
– Og så hjelper me kvarandre. Om ein køyrer seg fast, så hjelper dei andre til, skyt Arne inn.
Presis posisjon
Turen innover fjellet tok fleire timar i mørket. Først klokka 04:08 var dei framme ved dei fire skigåarane som hadde grave seg ned.
– Når me kom opp på siste høgda, så gjekk det ganske fort. Me hadde gode koordinatar på kvar dei var, så me trengde ikkje leita lenge. Me spreidde oss i vifte og køyrde mot punktet me hadde fått oppgjeve, seier Rune.
Der fann dei skistavar som markerte gropa dei fire hadde greve seg ned i. På eine skistaven lyste det ei hovudlykt.
Fann dei sovande
– Dei var vel litt i ørska då me kom, seier Tor Håkon.
– Eg trur dei sov, dei høyrde oss i alle fall ikkje, seier Arne.
– Det var sikkert fordi snøen isolerer godt, seier Rune og legg til: – Dei var verkeleg glade for å sjå oss.
Det som truleg berga desse fire skigåarane frå ein langt verre langnad, var utstyret dei hadde.
– Dei hadde vindsekkar og underlag, og satellittbasert varslingsutstyr som sender ut signal om kvar dei var, seier Rune.
– Om dei ikkje hadde hatt dette med seg, så hadde dei ikkje kunna varsla i det heile.
Lånt samband
Ein anna viktig faktor i redningsarbeidet var at mannskapet fekk låna det interne sambandet til Statkraft.
Bjørn Hesjevoll Winge som var med å koordinera aksjonen for Røde Kors, arbeider også i Statkraft.
– Me har fått ein avtale om å få låna nettet. Røde Kors har sin eigen kanal som berre me brukar. Og det er bra, for me veit at etter Fåbergstølen så er det takk og farvel til det vanlege naudnettet.
No når det er påske, så minner karane i Røde Kors oss på fjellvettreglane.
Dei har også si heilt eiga liste med råd:
