Håvard Grøteide tek over som hovudtrenar for Studentspretten sitt herrelag. (Foto: Privat)

Han tek over som trenar for Studentspretten

Håvard Grøteide (25) frå Os tek over stafettpinnen etter Gøran Wigum.

Publisert 16.07.2019 kl. 11.51.

Sistnemnde valde å gje seg som trenar for studentane i juni etter å ha takka ja til fast jobb i Bergen. No er det klart at assistenten til Wigum, Håvard Grøteide, tek over som hovudtrenar for herrelaget. 


- Sidan me er midt i sesongen tenkjer eg at det er gunstig at ein som har vore involvert i laget tek over ansvaret, og forhåpentlegvis blir det ein mjuk overgang der me skal halda fram å utvikla laget på ein god måte, seier Grøteide.


25-åringen, som har utdanna seg til lektor i idrett og kroppsøving i Sogndal, har nyleg fullført ei fordjuping i trenarrolla i fotball, der han òg fekk godkjend UEFA B-lisens. 


- Eg har drive med fotball sidan eg var liten, men har etter kvart fått ein fascinasjon for trenarrolla. Så no har eg teke eit steg inn i denne verda, seier Grøteide, som har vore spelande assistenttrenar for Studentspretten i ein og halv sesong.


No legg han skoa på hylla og skal ha fullt fokus på trenarrolla. Med seg som assistent får han Kristian Ask, som før sesongen vart tvinga til å gje seg som spelar grunna ei omfattande skade. Ask har vore tett på laget sidan og har ein god relasjon til spelarane. Han har òg fullført fordjuping i trenarrolla saman med Grøteide. 


Studentspretten har bite godt frå seg etter at dei kom inn i divisjonssystemet for fire år sidan. To opprykk og ein svært respektabel 4.-plass i Kretsligaen i fjor er fasiten. 


- Målsetjinga om å liggja i toppen av 4. divisjon held fram, seier Grøteide, som gler seg til siste halvdel av sesongen.


So langt ligg laget på 4.-plass på tabellen etter elleve serierundar. Grøteide får elddåpen sin som hovudtrenar med ein tøff bortekamp på Jotun stadion mot serieleiar Årdal FK tysdag 6. august.