Han scora årets første mål for Sogndal i vinter. No er Joachim klar for eliteserien

NYTT EVENTYR: Joachim Soltvedt er klar for Sarpsborg 08.

NYTT EVENTYR: Joachim Soltvedt er klar for Sarpsborg 08. Foto:

Joachim Soltvedt blir lagkamerat med dei tidlegare Sogndal-spelarane Bjørn Inge Utvik og Ole Jørgen Halvorsen.

DEL

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 vart fredag samde om ein overgang for Joachim Soltvedt.

Treårsavtale

Det melder klubben på sine nettsider fredag. Klubben skriv at Joachim har slutta seg til sine nye lagkameratar allereie. Bergensaren har skrive under på ein treårsavtale.

- Eg ser på Sarpsborg som ein veldig spennande klubb. Dei hadde rett nok ein tøff sesong i fjor, men har dei siste åra levert meget solide sesongar, både med Europacup-eventyr og i toppen av norsk fotball, seier Soltvedt til Sogndalfotball.no.


Eirik Bakke ville ha mannen med venstrevingen vidare, men har forståing for at Soltvedt ønskjer å ta sjansen i Sarpsborg 08.

- Sarpsborg verkar som ein godt dreven klubb med gode verdiar og moglegheiter for å utvikla seg som fotballspelar og menneske, seier ein audmjuk Joachim, og legg til at det ikkje er berre-berre å reisa frå Sogndal.

13 mål på 67 kampar

Soltvedt kom til Sogndal i sommaren 2017 og har spelt 63 kampar og skåra 13 mål i kvitedrakta.

I hans siste opptreden var han kaptein, i treningskampen mot Tromsø.

- Det er sjølvsagt vemodig å forlata Saftbygda etter to og eit halvt år. På ein så liten plass blir ein glad i menneska ein treffer kvar einaste dag, seier Soltvedt.

Joachim vil takka bygdafolket og dei i klubben for ei fin tid i lag.

- Eg sit att med masse gode minner eg har hatt i lag med lagkameratar, trenarar, støtteapparat og andre i og rundt klubben! Til neste år møtast me att i Eliteserien, avsluttar Joachim Soltvedt.

Artikkeltags