Han rosar kvardagsheltane: – Det er tøffe tider

ROS: - I jobben som vert gjort lokalt ønskjer eg å rosa kvardagsheltane innan den kommunale helsetenesta. Dei gjer ein fantastisk jobb, seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

ROS: - I jobben som vert gjort lokalt ønskjer eg å rosa kvardagsheltane innan den kommunale helsetenesta. Dei gjer ein fantastisk jobb, seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim. Foto:

– Det er tøffe tider og me gjer alt me kan for å handtera Korona-situasjonen.

DEL

Det seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

I jobben som vert gjort lokalt ønskjer han å rosa kvardagsheltane innan den kommunale helsetenesta.

– Dei gjer ein fantastisk god jobb. Dei er kvardagsheltar som held hjula i gang. Dei jobbar og står på for at dette skal gå bra, seier Stadheim

Mange telefonar

Han fortel om ei stort trykk etter informasjon.

– Det har vore mange telefonar. Eg skjønar godt at folk lurer, og tykkjer det er fint at dei ringjer for å få informasjon, seier Stadheim.

Han seier kommunen i tillegg til å informera dei faste innbyggjarane har eit informasjonsansvar over for hyttefolket i kommunen.

– Og det kjem stadig nye ting å informera om, seier Stadheim.

– Skal klara dette

Ordføraren har tru på at dei skal klara å handtera situasjonen framover.

– Er me påpasselege og gjer dei rette tinga, og folk følgjer retningslinene som blir gitt, skal me klara dette, seier Stadheim.

Artikkeltags