Han får ansvar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen

NYTILSETT: Bjørn Laksforsmo er tilsett som direktør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

NYTILSETT: Bjørn Laksforsmo er tilsett som direktør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen. Foto:

DEL

Bjørn Laksforsmo er tilsett som direktør for Drift og vedlikehald i Statens vegvesen. Stillinga er nyoppretta for den nye landsdekkjande divisjonen.

45-åringen er frå Tromsø. og skal leia den nye divisjonen som har ansvaret for drift og vedlikehald av riksvegane og utbyggingsprosjekt opp til 200 millionar kroner.

Divisjonen har om lag 900 tilsette, og har kontor i Tromsø. Direktøren rapporterer til vegdirektøren, og er ein del av leiinga i Statens vegvesen.

Artikkeltags