Gå til sidens hovedinnhold

Han er vald til stortingskandidat

Artikkelen er over 1 år gammel

Erling Sande er ny stortingskandidat for Sogn og Fjordane Senterparti.

Eit samrøystes nominasjonsmøte valde laurdag Erling Sande frå Gloppen som stortingskandidat for Sogn og Fjordane Senterparti. Aleksander Øren Heen frå Årdal og Emma Berge Ness frå Gaular følgde etter på dei neste plassane, skriv Sogn og Fjordane Senterparti i ei pressemelding.

– Det er eit stort ansvar eg og dei andre på lista har fått, me skal no staka ut ein ny kurs for landet, sa Erling etter han blei vald. Han la også til at han ikkje har planar om å reisa åleine til Stortinget, og håpar han tek med seg Aleksander Øren Heen.

Kommentarer til denne saken