Silja Ekelend Bjørkly frå Høgre er vald til ny nestleiar.

– Det viktige no blir å finna ut kva slags posisjon Vestlandsforsking skal ta i den nye fylket Vestland. Det opnar seg nye mogelegheiter til å ta større plass enn i dag, seier Aleksander Øren Heen i ei pressemedling.

Han er oppteken av å utvikla Vestland, og meiner forsking og kunnskap er eit viktig grunnlag for å få til vekst og utvikling i fylket.

Kompetanse

Med seg i styret får Heen og Bjørkly Camilla Schreiner,avdelingsdirektør i CICERO senter for klimaforskning frå Oslo, Erik Kyrkjebø, førsteamanuensis Høgskulen på Vestlandet (Sogndal), lektor Arve Sandal (Førde), dagleg leiar Synnøve Aabrekk, Usus/Visit Sørlandet (Kristiansand) og tilsetterepresentant for Vestlandsforsking, forskar Svein Ølnes frå Sogndal.

Varamedlemmar

Vara til styret er Emil Gadolin (Ap), (Bergen), Tone Fløtten, FAFO (Oslo), Kristin Rundsveen (Sp), (Sogndal), Svein Ove Slinde, Statkraft (Sogndal), Kathrin Jakobsen, Vestland fylkeskommune (Bergen), Kristin Maurstad, (Ap) kommunalsjef Kinn kommune (Stadt) og Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking (Luster) er vara for tilsettrepresentanten.

Solid

Direktør Anders-Johan Almås tykkjer Vestlandsforsking har fått eit svært solid styre som både har politisk tyngde og høg kompetanse på instituttet sine satsingsområde.

– Både eg og styret ser fram til å forvalta den sterke kvalitetsprofilen til Vestlandsforsking vidare, seier Almås.

Heiltidspolitikar

Aleksander Øren Heen er utdanna byggteknikar og byggmeister. Han er gruppeleiar for Senterpartiet i Vestland og møter i fylkesutvalet og på fylkestinget i Vestland. Heen har site i kommunestyret i Årdal i 12 år og på fylkestinget i Sogn og Fjordane i 8 år. Frå 2016 til 2019 var han politisk rådgjevar for Senterpartiet si stortingsgruppe. Heen var dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling i eitt år. I dag er Heen politikar på heiltid.

Fylkesordførarkandidat

Silja Ekeland Bjørkly har er utdanna innan kommunal planleggingsrett, religionsvitskap, historie og samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Ho har vore administrerande direktør i Norges Huseierforbund og har i lang fartstid i partiet Høgre. Bjørkly var første vararepresentant til Stortinget frå Hordaland frå 2001 til 2005 og møtte fast for statsråd Erna Solberg i heile perioden. Ho var òg medlem av Stortingets næringskomité. Sidan 2013 har Bjørkly møtt på fylkestinget i Hordaland, no Vestland. Ho har leia Høgre si fylkestingsgruppe i tre år og var partiet sin fylkesordførarkandidat til fylkestingsvalet i 2019.