Han er den nye leiaren for skyttarane i Sogn og Fjordane

NY LEIAR: Robert Sandvik er ny skyttarleiar for Sogn og Fjordane krets.

NY LEIAR: Robert Sandvik er ny skyttarleiar for Sogn og Fjordane krets. Foto:

Robert Sandvik tek over leiarvervet.

DEL

Det frivillige skyttarvesen (DFS) er organisert i kretsar, der Sogn og Fjordane er ein krets.

Dei hadde nyleg årsmøte, der Robert Sandvik frå Årdalstangen blei vald til ny leiar. Han tek over etter Leiv Reksten.

Styret elles er sett saman av dei fire samlagsleiarane, Per Tore Taklo (Nordfjord), Tomas Haugnes (Florø), Ottar Strandheim (Ytre Sogn) og Bengt Næss (Indre Sogn).

Det blei òg vald ny ungdomsleiar, i form av Merete Grimestad Birkeland frå Bygstad.

Artikkeltags