Gå til sidens hovedinnhold

Han blir ny direktør for musea

Jan Heggheim tilsett som ny administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane.

Jan Heggheim (59) tar fatt på rolla som administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane og tek med seg verdifull erfaring frå ei innhaldsrik karriere, seinast i fylkeskommunen, går det fram i ei pressemelding frå stiftinga.

Grundig rekrutteringsprosess

Etter at noverande administrerande direktør Kjartan Aa Berge sa opp si stilling i Musea i Sogn og Fjordane i vår, har stiftinga gjennomført ein grundig rekrutteringsprosess for å finna sin nye leiar.

Styret melder at prosessen er avslutta og Jan Heggheim blir ny leiar for stiftinga.

Heggheim kjem frå fylkeskommunen, der han var i 11 år. Før det var arbeidde han i ulike bedrifter, både i reiseliv og industri. Fram til 2020 var han fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og han har hatt fleire roller og verv innanfor både det offentlege og private.

Les også

Direktøren for musea har sagt opp stillinga si

Takkar avtroppande

Styreleiar Ivar Kvalen er særs nøgd med tilsettinga av Heggheim og er trygg på at han vil ta moglegheiter og utfordringar i Musea i Sogn og Fjordane på strak arm. Samstundes ønskjer han å takka Kjartan Aa Berge for jobben han har lagt ned som administrerande direktør for musea, går det fram i pressemeldinga.

Heggheim gler seg til å starta i ny jobb:

– Noko av det viktigaste me kan gjera er å ta vare på og formidla historie og samtid og gjera dette relevant og inspirerande for menneska omkring oss, seier han i pressemeldinga.

Heggheim startar i stillinga i september.

Kommentarer til denne saken