Hamnar i feil køyrebane på grunn av mobilbruk: Vil gje dei verste ei bot på ei månadsløn

UROVEKKANDE: 7 av 10 unge bilistar har opplevd at mobilen har teke merksemda vekk frå vegen medan dei køyrer. Halvparten av desse har havna i farlege eller ubehagelege situasjoner, melder Gjensidige.

UROVEKKANDE: 7 av 10 unge bilistar har opplevd at mobilen har teke merksemda vekk frå vegen medan dei køyrer. Halvparten av desse har havna i farlege eller ubehagelege situasjoner, melder Gjensidige. Foto:

7 av 10 unge bilistar har opplevd at mobilen har teke merksemda vekk frå vegen.

DEL

Dette syner ei undersøking gjennomført for Gjensidige.

For kring halvparten av desse har mobiltelefonen ført til farlege eller ubehagelige situasjonar i trafikken, og mange har kome over i feil køyrebane.

Alvorleg

– Ein liten augneblink med umerksemd kan vera nok til at noko går gale, seier Sigurd Austin, konserndirektør i Gjensidige, i ei pressemelding. Han meiner at det er svært alvorleg at fleirtalet har hatt merksemda ein annan stad enn på vegen når dei køyrer bil.

Forsikringsselskapet skulle ha ynskt at bilen vart ein fristad der ein kopla ut bruk av mobiltelefon, nettbrett og anna.

– Urovekkjande utvikling

For bilistar i alle aldrar er det halvparten som har opplevd at mobiltelefonen har teke merksemda vekk frå vegen. For 23 prosent av dei har dette ført til ubehagelege eller farlege situasjonar. Av desse svarar flest at dei har kome over i feil køyrebane, nokon har nesten kollidert med bilen framom dei, og nokon svarar at dei har køyrt av vegen.

– Dette er ei urovekkjande utvikling som vert stadfesta av fleire ulike rapportar, seier Austin.

Brukar Spotify på vegen

6 av 10 unge har opplevd at trykking på Spotify, Podcast, Soundcloud eller YouTube har teke merksemda vekk frå vegen. For alle aldrar er det 3 av 10 som har opplevd det same. I begge grupper har dette ført til farlege eller ubehagelege situasjonar.

Gjensidige ynskjer ei bot som svarar til ei månadsløn for dei verste tilfella av umerksemd bak rattet.

FARLEG: – Ein liten augeblink med umerksemd kan vera nok til at noko går gale, seier Sigurd Austin, konserndirektør i Gjensidige.

FARLEG: – Ein liten augeblink med umerksemd kan vera nok til at noko går gale, seier Sigurd Austin, konserndirektør i Gjensidige. Foto:

Artikkeltags